Kvalsvik er ytste bygda på Nerlandsøya i landets største fiskeri- og offshorekommune, Herøy. Alle dei busette øyane er samanknytte med bruer og har god kommunikasjon. Det er god kommunikasjon til og frå flyplassen Vigra ved Ålesund og Hurtigruta har daglege anløp i Torvik 18 km frå Kvalsvik.

Kvalsvika har mange naturopplevingar å by på. Mulevika er kjend for si flotte sandstrand ut mot Stadthavet. Mulevika har eit særdeles rikt biologisk mangfald med fleire artar på lista over verneverdige plantar. Her finn du også eit populært klatreområde.

Med ein kort spasertur frå hyttene finn ein Golleneset. Her kan du nyte den fine solnedgangen eller storbåra når ho buldrar mot land. På vegen til Golleneset finn du gravrøysa frå bronsealderen.

Utanfor Nerlandsøya er det Stadthavet som rår. Her kan det blåse opp og gjere det uråd å kome utpå. Men det kan også leggje seg spegelblankt og syne fram dei finaste solnedgangar ein kan tenkje seg. Skulle vêret på utsida av øya verte for stridt kan ein setje kursen innover og finne ly mellom holmane.

Kvalsvik hamn er næraste hamn til det kjende fuglefjellet på Runde. Her hekkar tusenvis av sjøfugl som lunde, havsule, alke, teist, skarv med fleire. Runde er også kjend for sine skattefunn, etter det forliste skipet Ackerendam. Det kan organiserast båttur frå Kvalsvik hamn til fuglefjellet på Runde.

Frå Kvalsvik kan ein ta korte eller lengre turar til andre kjende stadar på Sunnmøre som Runde, Ålesund, Vestkapp, Geiranger, Trollstigen og Briksdalen.